Som du vil ha det
T. Frækaland Målarservice AS har over 40 års erfaring i malingsbransjen. Dette har gitt oss høg fagkunnskap, og god bakgrunn for å kunne gi deg gode råd og vink om du byggjer nytt eller pussar opp. Me hjelper deg med val av fargar til alt fra golv til vegg, ute som inne. Me er stadig på kurs og seminar for å være oppdatert på fagområde og dei nyaste oppussingstrendane.
Du finn oss i Fossetunet 1 midt i Sogndal sentrum, her har me parkering rett utanfor butikken. Kom innom for ein god handel eller om du vil me skal gjere jobben for deg.
Me har flytta til Sentrumsbygg
Me har flytta til Sentrumsbygg i Fossetunet 1, i Sogndal sentrum.
Gardiner og solskjerming
Me har gardiner, og monterar solskjerming hjå deg.
I butikken vår har me
Hjå oss får du kvalitetsprodukt som held den høge kvaliteten du forventar. Me fører alt i maling, tapet, golvbelegg, tepper, laminat, gardiner og solskjerming for einkvar smak.
Me gjer jobben for deg
Me har sentralgodkjenning og våtromssertifikat, og utfører jobben fagmessig. Stikk innom butikken vår, og ta ein prat om kva de ynskjer. Er det behov tek me gjerne ei synfaring og gir deg råd, rettleiing og pristilbod.
Vil du bli No. 1 hos oss?
Meld deg inn i vår no1 kundeklubb og få mange gode tilbud.
Ferdig lagt klikkvinyl
Ferdig lagt klikkvinyl.